Henryków Lubański (tysk Katholisch Hennersdorf) er ein landsby i Lubań fylke i Nederschlesiske voivodskap sørvest i Polen.
I landsbyen står det eldste treet i Polen, ei 1260 år gammal barlind. venstre|mini|portrett|Den 1260 år gamle barlinda i Henryków Lubański
Regionen har tidlegare høyrt til Piast i Polen, Böhmen, Austerrike, Preussen og Tyskland. I 1745 var landsbyen åstad for slaget ved Hennersdorf under den austerrikske arvefølgjekrigen. Regionen vart ein del av Polen i 1945.
Henryków Lubański ligg om lag 7 km nordvest for Lubań og 124 km vest for regionshovudstaden Wrocław. Landsbyen har om lag 850 innbyggjarar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Henryków Lubański» frå , den 6. desember 2008. oppgav desse kjeldene: «Henryków Lubański» frå Polsk Wikipedia den 16. november 2007
Henrykow Lubanski