«With a Little Help from My Friends» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney, og gjeve ut på The Beatles-albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band i 1967. Songen vart skriven for og sunge av trommeslagar i Beatles, Ringo Starr.
Opphav Lennon og McCartney skreiv songen ferdig i midten av mars 1967Dowlding, William J., Beatlesongs (New York: Simon og Schuster, Inc., 1989, ISBN 0-671-68229-6), s. 165 for at Starr skulle få ein song på albumet. Han vart ei kort stund kalla «Bad Finger Boogie» (seinare inspirasjon for bandnamnet BadfingerI følgje Neil Aspinall. Matovina, Dan: Without You: The Tragic Story of Badfinger, Google Books, 2000. Vitja 8. februar 2009), visstnok fordi Lennon skreiv songen på piano ved hjelp av langefingeren etter at peikefingeren var skadd.
Lennon og McCartney skreiv med vilje songen innanfor eit avgrensa register - bortsett frå den siste tonen, som McCartney arbeidde med Starr for å oppnå.
Starr insisterte på å endre teksten i den første linja som opphavleg var «What would you do if I sang out of tune? Would you throw ripe tomatoes at me?» Dette kom av at han var redd fansen ville kaste tomatar på han om han skulle spele songen på konsertar. Tidlegare hadde George Harrison nemnt at han likte seigmenn, og mange kasta slike på bandet under konsertane deira.The Beatles, Anthology, s. 242
Bandet starta innspelinga av songen same dag som dei tok bileta for omslaget til Sgt. Pepper, 30. mars 1967.
Rolling Stone plasserte songen på 304. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Medverkande I følgje Ian MacDonald, utanom der anna er nemnt:
Ringo Starr – solovokal, trommer John Lennon – korvokal, kubjølle Paul McCartney – korvokal, piano, bassgitar George Harrison – korvokal, rytme- og sologitar George Martin – Hammondorgel
Andre utgåver
Songen har vore øvst på den britiske singellista tre gonger. Ein gong då han vart spelt inn av Joe Cocker i 1968, ein andre gong med Wet Wet Wet i 1988 og til slutt då han vart sungen av Sam and Mark i 2004. Cocker syng ein versjon av songen på Woodstock i 1969 og denne er med i dokumentarfilmen om konserten, 3 Days of Peace og Music. I 1976 spelte Jeff Lynne frå ELO inn ein versjon av songen.
Wet Wet Wet si utgåve kom ut 9. mai 1988 og låg fire veker på toppen av den britiske singellista.
Joe Cocker-versjonen Joe Cocker si utgåve er radikalt omarrangert med mykje lågare tempo i 6/8-takt og med forskjellige akkordar i mellomapartiet og eit lengre instrumentalparti i starten (med gitar frå Jimmy Page). Denne versjonen har vorte ein av Joe Cocker sine mest kjende songar. I Noreg låg singelen til Cocker 8 veker på VG-lista Topp 10, men kom aldri høgare enn femte plass.
Medverkande Joe Cocker – solovokal Jimmy Page – gitar Chris Stainton – bass Tommy Eyre – organ B.J. Wilson – trommer Madeline Bell – korvokal Rosetta Hightower – korvokal Patrice Holloway – korvokal Sunny Wheetman – korvokal Bakgrunnsstoff How B.J. Wilson Rescued a Classic Joe Cocker Track – om innspelinga av Joe Cocker si utgåve.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «With a Little Help from My Friends» frå , den 8. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar om venskap Kategori:Barbra Streisand-songar Kategori:Joe Cocker-songar Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:The Muppets-songar Kategori:Sham 69-songar Kategori:Wet Wet Wet-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Sveits Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar produserte av Jeff Lynne Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:PolyGram-singlar Kategori:Regal Zonophone Records-singlar Kategori:Herb Alpert-songar Kategori:Sergio Mendes-songar Kategori:Richie Havens-songar Kategori:Ike & Tina Turner-songar Kategori:Jeff Lynne-songar Kategori:Peter Frampton-songar Kategori:The Bee Gees-songar Kategori:Ringo Starr-songar Kategori:Bon Jovi-songar Kategori:Santana-songar Kategori:Cheap Trick-songar Kategori:Count Basie-songar Kategori:Al Di Meola-songar 311