«Tell Me (You’re Coming Back)» er ein song av The Rolling Stones frå debutalbumet deira The Rolling Stones frå 1964. Han vart seinare gjeve ut som singel i USA, og vart den første songen skriven av Jagger/Richards som vart gjeven ut som A-side.

Songen er skriven av vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards som ein popballade.

«Tell Me» vart spelt inn i London i februar 1964 og to versjonar, ein med Ian Stewart på piano, og ein utan.

I august 1964 vart «Tell Me» gjeve ut som singel i USA. Han nådde 24. plass og låg på Billboard Hot 100 totalt 10 veker. B-sida var ei utgåve av Willie Dixon-songen «I Just Wanna Make Love to You».

Songen vart nytta i Martin Scorsese-filmen Mean Streets (1973).

Bakgrunnsstoff Songtekst

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tell Me (You're Coming Back)» frå , den 23. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964