Pančevo (kyrillisk Панчево) er ein by og kommune i Serbia, 15 km nordaust for Beograd. I 2022 hadde byen 73 401 innbyggjarar, medan kommunen hadde 115 454 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Sør-Banat i Serbia. Pančevo er òg den viktigaste hamna langs elva Tamiš, som renn forbi byen.

Namn På serbisk heiter byen Pančevo (Панчево), på ungarsk Pancsova, på tyrkisk Pançova, på tysk Pantschowa, på rumensk Panciova, på slovakisk Pánčevo og på rusinsk Панчево, Pantsjevo.

Historie Byen vart første gong nemnd på 1100-talet. Han var ein del av Kongedømet Ungarn fram til 1500-talet, då han vart ein del av Det osmanske riket. Under det osmanske styret var han ein del av den osmanske provinsen Temeşvar og var ein stor busetnad hovudsakleg busett av etniske serbarar.

Etter 1716 høyrte byen til Habsburgmonarkiet og var ein del av militærprovinsen kalla Banat Temeswar. I 1751 kom dei nordlege områda i provinsen under sivil administrasjon, medan dei sørlege delane (inkludert Pančevo) vart ein del av Militærgrensa (Banat Krajina). I denne tida var byen delt i to kommunar, ein serbisk og ein tysk. I 1767 var det 424 familiar i den serbiske kommunen og 132 familiar i den tyske. Byen var okkupert av osmanarane i 1787-1788. I 1794 vart den serbiske og tyske kommunen slått saman.

I 1848-1849 var Pančevo ein del av Serbisk voivodskap, ein serbisk autonom region i Det austerrikske keisardømet, men i 1849 vart han igjen underlagt Militærgrensa. I 1873 vart Militærgrensa nedlagt og byen vart ein del av Torontál fylke.

I 1918 vart Pančevo innlemma i Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare kalla Jugoslavia). I 1921 hadde byen 19 362 innbyggjarar. Mellom 1918 og 1922 høyrte byen til Banat fylke, mellom 1922 og 1929 til Beograd oblast og mellom 1929 og 1941 til sjølve Beograd.

Mellom 1941 og 1944 var Pančevo okkupert av aksemaktene og var ein del av det sjølvstyrte Banat i den tyskokkuperte delen av Serbia. Sidan 1944 høyrte byen til det sosialistiske Jugoslavia og sidan 1945 var han ein del av den autonome provinsen Vojvodina. Mellom 1992 og 2003 høyrte Pančevo til Den føderale republikken Jugoslavia og mellom 2003 og 2006 til statsunionen Serbia og Montenegro. Sidan 2006 har byen høyrt til det sjølvstendige Serbia.

Under 1999 vart byen kraftig bombardert av NATO. Mål i byen var eit oljeraffineri, flyfabrikken Lola-Utva og kjemiske fabrikkar.

Befolkningsutvikling

+ Historiske folketal År Folketal 1948 70 943 1953 76 283 1961 93 744 1971 110 780 1981 123 791 1991 125 261 2002 127 162 2011 123 414 2022 115 454

Busetnader Dei største busetnadane i kommunen er:

Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Pančevo 77 087 76 203 73 401 Starčevo 7 615 7 473 6 661 Kačarevo 7 624 7 100 6 346 Banatsko Novo Selo 7 345 6 686 5 806 Jabuka 6 312 6 181 5 650 Omoljica 6 518 6 309 5 605 Dolovo 6 835 6 146 5 569 3 517 3 251 2 785 3 178 3 012 2 657 1 131 1 053 974

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pančevo» frå , den 23. mars 2009.

Referansar

Bakgrunnsstoff Offisiell side Historie

Kategori:Byar i Vojvodina Kategori:Byar og tettstader i distriktet Sør-Banat Kategori:Distriktet Sør-Banat