Aleksandr Andrejevitsj Ivanov () var ein russisk kunstmålar, som først og fremst skapte seg eit namn som historiemålar og som målar av bibelske tema samt landskapsmålar. Han vart fødd i St. Petersburg og døydde same staden.

mini|venstre|Oliventre Liv og virke Yngre år Oppvaksen i ein kunstnarfamilie fekk han allereie 11 år gammal plass ved St. Petersburgs kunstakademi. Her var han elev med far sin, Andrej Ivanov. Faren var professor i måleri og såg tidleg sonen sitt talent og søkte å fremje det. For teikningane sine mottok Aleksandr allereie under utdanninga to sølvmedaljar.

I 1824 vart Ivanov tildelt ein gullmedalje for biletet Priamos byr Akilles liket av Hektor (Приам испрашивает у Ахиллеса труп Гектора). Tre år seinare vart han for verket Josef tyder draumen i fengslet (Иосиф в темнице истолковывает сны царедворцам фараона) enno ein gullmedalje til del.

mini|Via Appia ved solnedgang, 1845 mini|Jenta frå Albano, i døropninga

Roma Etter å ha avslutta utdanninga si mottok Ivanov eit stipend som gjorde det mogleg for han å reise utanlands. Han fór då til Roma via Dresden. Den største delen av si levetid skulle han kome til å ha tilhald i Roma. Med han var der slutta han vennskap med landsmannen, forfattaren Nikolaj Gogol. I Roma låg Ivanov under sterk påverknad av nasarenarane. Her var det elles han laga sin versjon av ei greske myte, med sitt måleri Bellerofon gjev seg i veg til Kimæren (Беллерофонт отправляется в поход против Химеры).

I tida mellom 1837 og 1857 arbeidde han på måleriet som skulle verte hans hovudverk, Kristus syner seg for folket (Явление Христа народу). Kunstverket er halde i ein nyklassisistisk stil. Til grunn for dette måleriet laga han om lag 300 skisser og detaljteikningar, mange av desse vert i seg sjølve rekna for å vere små meisterverk.

Avslutning I år 1857 vende Ivanov tilbake til Russland. Han døydde av kolera.

Ivanov sine verk er for størstedelen å sjå i Tretjakovgalleriet og i Russlands Museum.

Eit utval verk Kristus viser seg for Maria Magdalena etter oppstoda (Явление воскресшего Христа Марии Магдалине) Via Appia ved solnedgang Jenta frå Albano, i døropninga Ave Maria Vittoria Kaldoni Greiner

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alexander Andreyevich Ivanov» frå og «Alexander Andrejewitsch Iwanow» frå , den 1. april 2009.

Bakgrunnsstoff

Nettstad med bilete av Ivanov

Kategori:Russiske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet