Rutland er eit seremonielt grevskap i England, som grensar til Leicestershire i vest og nord, til Lincolnshire i nordaust og til Peterborough i søraust.

Frå nord til sør er det berre 18 km langt og får vest til aust berre 17 km breitt. Det er den minste sameinte styresmakta i England ut frå folketal og berre City of London har mindre areal. Det er òg det minste historiske grevskapet i England, som har gjeve det mottoet Multum In Parvo eller «mykje i lite».C Wilfrid Scott-Giles, Civic Heraldry of England and Wales, 2nd edition, London, 1953 Av dei moderne seremonielle grevskapa er Isle of Wight, City of London og City of Bristol mindre.

Dei einaste byane i Rutland er Oakham, som er administrasjonsstad, og Uppingham. Midt i grevskapet ligg det store vassreservoaret Rutland Water. Dette ere it viktig naturreservat for overvintrande fuglevilt og hekkestad for fiskeørn.

Dei eldste hyttene i Rutland er bygd av kalkstein eller jernmalm og mange har tak av collywestonskifer eller takhalm.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rutland» frå , den 28. november 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell turistside Rutland grevskapsråd