Sverre Malvin Stensheim () var ein norsk langrennsløpar frå Oppdal. Han tevla i alle år for IL Snøhetta. Stensheim vann femmila i Holmenkollen tre år på rad; i 1959, 1960 og 1961. Berre Lauritz Bergendahl (1912-15) og Thorleif Haug (1918-1921) har makta det same. Stensheim vann også 50 km i Lahti i 1962.

Aktiv Stensheim lukkast ikkje heilt i dei store meisterskapa. I OL 1960 i Squaw Valley vart han nummer ti på 50 km og nummer 20 på 30 km. OL 1964 i Innsbruck vart han nummer elleve på 30 km og kom på femte plass på 50 km. Svensken Sixten Jernberg vann 50 km føre landsmannen Assar Rönnlund, medan Harald Grønningen og Ole Ellefsæter kom på plassane bak Stensheim. Grønningen meiner dei norske løparane smurte seg vekk, ettersom det ikkje vart solskin den dagen.

Stensheim deltok i fire verdsmeisterskap; i 1954, 1958, 1962 og 1966. Hans beste VM-plassering var ellevteplass på 50 km i VM 1962 i Zakopane.

Stensheim vart noregsmeister to gonger, begge på 30 km, i 1959 og i 1960. Han vann elles ni sølvmedaljar i NM; fem på 50 km, tre på 30 km og ein på 15 km. I tre NM-renn hamna han på bronseplassen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1956: Nr 13 på 15 km i Holmenkollen 1957: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen 1958: Nr 14 på 15 km i Holmenkollen 1959: Vinnar av 50 km i Holmenkollen 1960: Vinnar av 50 km i Holmenkollen, nr 2 på 50 km i Lahti. Nr 10 på 50 km i OL i Squaw Valley 1961: Vinnar av femmila i Holmenkollen, nr 3 på 15 km i Lahti 1962: Vinnar av 50 km i Lahti. Nr 11 på 50 km i VM i Zakopane 1963: Nr 2 på 50 km i Lahti 1964: Nr 5 på 50 km i OL i Innsbruck. Nr 3 på 15 km i Lahti 1965: Nr 5 på 50 km i Holmenkollen 1966: Nr 13 på 50 km i VM i Oslo

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap Ski-NM 1954: Nr 8 på 15 km på Kongsvinger Ski-NM 1955: Nr 7 på 50 km i Trysil Ski-NM 1956: Sølvmedalje på 50 km på Raufoss Ski-NM 1959: Gullmedalje på 30 km på Gjøvik Ski-NM 1960: Gullmedalje på 30 km i Nedre Eiker, og sølvmedalje på 50 km på Fåberg Ski-NM 1961: Sølvmedalje på alle tre NM-distansane, to gjekk på Røros, femmila i Trondheim Ski-NM 1962: Sølvmedalje på 50 km i Molde, sølv og bronse på høvesvis 30 km og 15 km i Skien Ski-NM 1963: Gullmedalje på femmila i Kristiansand Ski-NM 1964: Nr 5 på femmila i Bærum Ski-NM 1965: Sølvmedalje på 30 km på Fåberg, og bronse på 50 km i Bærum Ski-NM 1966: Sølvmedalje på 50 km på Rena Ski-NM 1967: Nr 4 på 50 km på Mo i Rana Ski-NM 1968: Nr 9 på 50 km på Hønefoss Ski-NM 1969: Bronsemedalje på 50 km i Alvdal

Han vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1959 og Holmenkollmedaljen i 1960.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Oppdal Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1964