Boeing 707 var det første kommersielle jetflyet til Boeing. Prototypen, med kjælenamnet Dash 80, fauk jomfruturen den 15. juli 1954 som Model 367-80. Flyet vart drive fram med fire Pratt & Whitney JT3 jetmotorar.
Den første kommersielle flyginga vart gjennomført av Pan-Am 26. oktober 1958 med opninga av ei transatlantisk jetrute frå New York til Paris.
Gjennom fleire oppgraderingar, mellom anna ei vidareutvikling av motorane, vart etter kvart rekkevidda til flya lengre. Flyet vart produsert i 1 010 eksemplar fram til 1991.
Modellar
707-120 – originalen 720 – kortare og lettare versjon, opphavleg rekna som mellomdistanse-fly. 707-320 – lenger, raskare og større rekkevidd. Med rekkevidd på cirka 6 000 km med 141 seter, vart dette den første verkelege interkontinentale utgåva av flyet.
Air Force One Tre spesialbygde 707-120 og to spesialbygde 707-320B vart levert til det amerikanske forsvaret for å fly regjeringsmedlemmar. Dei to sistnemnte vart nytta til å fly presidenten som Air Force One. I 1990 vart alle fem flya erstatta av to spesialbygde Boeing 747.
Spesifikasjonar mini|Boeing 707 mini|Boeing 720 mini|VC-137-1 Air Force One. mini|John Travolta sitt private Boeing 707. 707-020 707-120B 707-320B Passasjerar(2. klasse)110147 Passasjerar(1. klasse)179202 Maks. last116 570 kg151 320 kg Eigenmasse46 785 kg55 580 kg66 406 kg Rekkevidd6 820 km6 920 km Marsjfart1 000 km/t972 km/t Lengde41,50 m44,07 m46,61 m Vengespenn39,90 m44,42 m Høgde12,66 m12,93 m Motorar (4 x)Pratt & Whitney JT3C-7Pratt & Whitney JT3D-1 - 75,6 kNPW JT3D-3 - 80 kN PW JT3D-7 - 84,4 kN
Leveringar 1994 1993 1992 1991 1990 1989 1988 1987 1986 1985 1984 1983 1982 10514450943888 1981 1980 1979 1978 1977 1976 1975 1974 1973 1972 1971 1970 1969 2361389721114101959 1968 1967 1966 1965 1964 1963 1962 1961 1960 1959 1958 1957 1956 1111188361383468809177800
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Boeing 707» frå , den 24. april 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Passasjerfly