mini|Mobilkran under transport. Mobilkran er ei sjølvkøyrande kran. Føremonen med mobilkraner er at dei snøgt kan flyttast mellom ulike arbeidsplassar.

mini|venstre|Mobilkran i arbeid.

Oppbygging mini|Støttebein på mobilkran. Krana vert heva og senka hydraulisk og ho er teleskopisk og kan skuvast ut og trekkjast saman hydraulisk. Krana er montert på ei svingskive på chassiset, slik at ho kan svingast rundt 360°. I bakkant av krana er det montert motvekter for at krana ikkje skal tippa over under løfting. I tillegg er mobilkraner utstyrte med hydrauliske teleskopisk uttrekkbare støttebein. Støttebeina kan køyrast ned hydraulisk, slik at krana vert nivellert og står stødig under arbeid. Moderne mobilkraner er utstyrte med hydrauliske vinsjar. Motoren er så godt som alltid ein dieselmotor.

Bruksområde

Mobilkraner vert òg nytta i krevjande miljø som skipsverft og tungindustri, der det er behov for fleksible løysingar med høg løftekapasitet og mobilitet på varierande underlag. Slike kraner kan handtere store og tunge komponentar, og vert ofte nytta der faste kranløysingar ikkje er praktiske.

Sjå òg Kranbil Teleskoplastar

Kjelder

Kategori:Kraner