Liten fuge i g-moll, BWV 578 er eit stykke for orgel komponert av Johann Sebastian Bach medan han var i Arnstadt (1703-1707). Det er ei vanleg misoppfatning at «liten» i tittelen viser til at fugen er «lite» viktig, men Bach gav stykket denne tittelen for at det ikkje skulle forvekslast med den seinare Stor fantasi og fuge i g-moll, BWV 542, som er lengre.
Partitur Temaet i fugen på fire og ein halv takt er ein av dei mest gjenkjennelege melodiane til Bach. Fugen er skriven for fire stemmer, slik at pedalstemma vert rekna likeverdig med dei tre manuelle stemmene, sjølv til så stor grad at føtene må, i ein passasje seint i fugen, spele sekstandedelsnotar som mottema.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Little Fugue in G minor, BWV 578» frå , den 24. april 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orgelverk av Johann Sebastian Bach Kategori:Fuger Kategori:Musikk i 1700-åra Kategori:Styx-songar