mini|Weidemann teleskoplastar som stablar rundballar. Teleskoplastar er ei nærskyld maskin til gaffeltruckar, hjullastarar og mobilkraner. Teleskoplastarar har ein gaffel plassert på enden av ein teleskopisk bom som kan skuvast ut og trekkjast saman hydrauliskBell, B, Farm machinery, 4. utg., Farming Press, 1996,. Maskinane finst i mange ulike storleikar, frå små, lette maskinar som vert nytta innan jordbruk til store, kraftige maskinar som vert nytta til tunge løft på byggeplassar og liknandeKönig, H., Maskinen im Baubetrieb, 2. utg., Vieweg+Teubner Verlag, 2008.. Teleskoplastarar har ofte store hjul og firehjulsdrift, slik at dei kan nyttast på ujamnt og sleipt underlag. Nokre teleskoplastarar er utstyrte med firehjulsstyring, slik at dei kan nyttast der det er trongt om plassen.

Tilleggsutstyr mini|JCB teleskoplastar med pallegaffel. I staden for gaffel kan teleskoplastarar verta utstyrte med grus/jordskuffe og nyttast til lett anleggsarbeid. Utstyrte med ein forlengarbom kan dei nyttast til å løfta byggjematerialar. Det finst òg mannskapskorger som gjer dei i stand til å lyfta mannskap, men dei kan ikkje verta manøvrert like nøyaktig som kraner som står på støttelabbar.

Sjå òg Hjullastar Frontlastar Mobilkran

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Løfteutstyr Kategori:Godstransport Kategori:Transport innan jordbruk