Swadic Sanudi () er ein malawisk fotballspelar. Han har spela som keeper for Dynamos i den nesthøgste divisjonen i den sørafrikanske fotballigaen og for landslaget til Malawi.
Sanudi begynte fotballkarrieren sin i klubben AmaZulu i Durban i Sør-Afrika, der han spelte fire kampar for A-laget. I 2000 gjekk han til Jomo Cosmos i Johannesburg, der han spelte åtte kampar. I 2001 drog han tilbake til Malawi og toppklubben der, Big Bullets, før han vende tilbake til Sør-Afrika og Dynamos i 2005.
Han debuterte for Malawi sitt A-landslag i 2000. I 2010 var han med i Malawi sin tropp til Afrikameisterskapen, der han spelte alle dei tre kampane til Malawi.
Kjelder Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.
Kategori:Malawiske fotballspelarar