Jens Schydtz () var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann.
Schydtz var fødd i København. Faren vart seinare justitiarius i Bergen, og sonen vart i 1809 student frå katedralskulen der. I 1814 vart han cand. jur. i København. År 1815 vart han fullmektig ved politiretten i Bergen, året etter hos stiftamtmannen der. I 1828 vart han assessor i stiftsoverretten i Bergen. Han vart så amtmann i Søndre Bergenhus i 1834, eit embete han hadde fram til 1850. 1850-52 var han tollinspektør i Bergen. Til sist, frå 1852 var han stiftamtmann i Bergen.
Schydtz møtte på Stortinget fyrste gongen i 1833, som 1. representant for Bergen. Sidan var han representert på alle storting fram til og med 1854. Han var president i Lagtinget på alle tingsamlingane, med unnatak for 1854. Både i 1836 og 1845 var han president i riksrett. Han var på alle ting med i militærkomiteen, formann i 1839, 1845,1848, 1851, 1854. Elles var han i 1836-37 formann i to komitear om brennevinslova.
Han døydde i Bergen i 1859.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Fylkesmenn i Bergen og Hordaland Kategori:Norske juristar Kategori:Norske amtmenn Kategori:Folk frå København Kategori:Folk frå Bergen