Jens Stub () var ein norsk prest og eidsvollsmann.
Stub var fødd i Eid i Nordfjord, der far hans var sorenskrivar. Sjølv vart han student frå Bergens skole i 1782. Deretter var han huslærar på Sjælland i Danmark i to år. Han vart cand. theol. i 1788, og var så to år huslærar på Munkvoll. Frå 1791 var Stub sokneprest i Alta og Talvik. Sidan 1801 var han sokneprest i Veøy prestegjeld i Romsdal.
I 1814 vart Stub 2. utsending frå Romsdals amt, etter at to andre prestar hadde nekta å motta val, til riksforsamlinga på Eidsvoll. Dei øvrige frå amtet var amtmann Hilmar Meincke Krohg og gardbrukar Elling Olsson Valbø. Stub slutta seg til unionspartiet.
Stub omkom hausten 1819 på Tresfjorden, på reise til annekskyrkja på Sylte i Tresfjord.
Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914, digital utgåve side 844-845
Jens Stub frå Eidsvoll 1814
Kategori:Eidsvollmenn Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Eid