Harry Kewell () er ein australsk fotballspelar som har spelt for Galatasaray i den tyrkiske fotballigaen, og for det australske landslaget.
Han spelte i Premier League i England i 13 år, frå 1995 til 2008, fram til 2003 for Leeds United og deretter for Liverpool. Han vart kåra til årets unge spelar i England i 2000, medan han spelte for Leeds United, og til årets spelar i Oseania i 1999, 2001 og 2003. I 2005 var han med på vinna den europeiske Meisterligaen med Liverpool.
Kewell vart den yngste australske A-landslagsspelaren nokonsinne då han debuterte i ein kamp mot Chile i april 1996, 17 år og 7 månader gammal. Han skåra det første landslagsmålet sitt borte mot Iran i november 1997 i ein playoff-kamp for kvalifisering til fotball-VM i 1998.
Merittar Vinnar av meisterligaen: 2005 med Liverpool FC Vinnar av FA-cupen: 2006 med Liverpool FC Finalist i meisterligaen: 2007 med Liverpool FC Finalist i den engelske ligacupen: 2005 med Liverpool FC
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Harry Kewell» frå , den 2. juli 2024.
Kategori:Australske fotballspelarar Kategori:Leeds-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Galatasaray-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010