Gunnar Torgeirsson Rysstad () var ein norsk gardbrukar, diktar, ordførar og stortingsmann frå Valle kommune.

Rysstad var son til gardbrukar i Valle. Han gjekk amtsskulen i 1881/82 og folkehøgskulen Vonheim 1884/85. Handelsmann på Rysstad 1889-90. I 1896 tok han over slektsgarden Straume i heimbygda, og dreiv denne sidan.

Han gav ut fleire diktsamlingar, det mest kjente diktet, «Eimhesten», skreiv han til opninga av Setesdalsbanen i 1895, der det vart framført som ei kantate. Rysstad gjendikta «Deilig er jorden» som «Fager er jordi», trykt i Syn og Segn i 1900, som sidan kom med i Nynorsk Salmebok.

Rysstad var i fleire år medlem av heradsstyret, ei tid som ordførar. Han var 3. representant for Nedenes amt og Samlingspartiet på Stortinget 1904-06. Medlem av protokollkomiteen.

Han vart tildelt 7. juni-medaljen.

Rysstad døydde 1926 på garden sin, Straume i Valle.

Bibliografi Sukk og song, 1888 Femti dikt, 1890 Hugsjaa, 1896 Vaarnott, 1904 Orren spelar, 1915 Vigleik, 1912. Historisk skodespel Hugsjaa - nyutgjeving ved Olav Bø i 1967

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Bokmålswikipedia

Bakgrunnsstoff Valle kommune Gards og ættesoge Hylestad bind 1 side 208

Gunnar T. Rysstad hos Aasentunet

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Hylestad Kategori:Folk frå Valle