Tunbalderbrå er ei urt i korgplantefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 10 cm høg og er mørkgrøn, tettblada og med kortskafta korger. Blomane er utan kantkroner. Dei har gulgrøne midtkroner i høg innhol topp, og har sterk lukt. Tunbalderbrå blømer kring juni månad i tun og gater, og langs vegar og jernbanar.
Planten kom opphavleg til Noreg som ballastplante.museumsnett.no Risør museum: ballastplanter Han er spreidd over heile Noreg i ny tid. Han er vurdert som ein framand art med potensielt høg risiko for å vera invasiv av Artsdatabanken. Galleri
Kjelder
Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Denne artikkelen bygger på «Gatkamomill» frå , den 22. august 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Korgplantefamilien