Åkersvineblom (Senecio vulgaris) er ei urt i korgplantefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Han blømer kring juni månad.
Planta vert kring 20 cm høg, og har ein saftfull stengel med lite eller ikkje hår. Korga er ihopknipen mot toppen og mest alltid utan kantkroner. Indre korgdekkblad er 6 mm lange. Han har mange ytre korgdekkblad som svarte i toppen.
Åkersvineblom er eit ugras som veks i åker og hage, og på avfallsplassar og havstrender. Planta finst over heile Noreg.
Kjelder
Svensk Wikipedia. Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Korgplantefamilien Kategori:Ugras Kategori:Giftige plantar