Byrdmaniax er det tiande albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i juni 1971 på Columbia Records. Det kom ut på ei tid då dei førre albuma deira igjen hadde fått positiv kritikk og seld bra, Ballad of Easy Rider og (Untitled). Albumet vart hovudsakleg spelt inn tidleg i 1971, medan bandet heldt på med ein omfattande konsertturne. Bandet fekk derfor lita tid til å flikke på songane sine før dei spelte dei inn, så mange av songane på albumet er ikkje skikkeleg utvikla. Byrdmaniax vart dårleg teke imot då det kom ut, særleg i USA.
Albumet nådde likevel 46. plass på den amerikanske albumlista, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. Songen «I Trust (Everything Is Gonna Work Out Alright)» vart gjeven ut som singel den 7. mai 1971 i Storbritannia, men gjekk ikkje inn på singellista. Ein annan singel frå albumet, «Glory, Glory», vart gjeven ut 20. august 1971 og nådde 110. plass i USA. Byrdmaniax er i dag det albumet av The Byrds som har vorte dårlegast motteke, hovudsakleg på grunn av upassande bruk av strykarar, blåsarar og gospelkor, som vart lagt på songane av produsent Terry Melcher og arrangør Paul Polena, visstnok utan løyve frå bandet.
Innhald
Medverkande The Byrds Roger McGuinn - gitar, vokal Clarence White - gitar, vokal Skip Battin - elektrisk bass, vokal Gene Parsons - trommer, munnspel, banjo, vokal
Andre medverkande Larry Knechtel - piano (spor 1, 4, 5, 6, 9) og orgel (spor 4, 7) Terry Melcher - piano (spor 3), Sneaky Pete Kleinow - pedalsteelgitar (spor 3, 9) Byron Berline - fele (spor 8) Eric White, Sr. - munnspel (spor 8) Jimmi Seiter - perkusjon (spor 4, 5, 7) Merry Clayton - korvokal som medelm av koret på spor 1 Ukjende musikarar kvinnekor (spor 1, 3, 4) strykarar (spor 2, 7, 11) valthorn (spor 4, 10) saksofon (spor 4, 6) trompet (spor 5) marsjorkester (spor 6) harpe (spor 7) orkester (spor 10)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Byrdmaniax» frå , den 19. oktober 2010. oppgav desse kjeldene: Rogan, Johnny, The Byrds: Timeless Flight Revisited, Rogan House, 1998, ISBN 0-95295-401-X Hjort, Christopher, So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973), Jawbone Press, 2008, ISBN 1-90600-215-0.
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:The Byrds-album Kategori:Album produserte av Terry Melcher Kategori:Columbia Records-album Kategori:CBS Records-album Kategori:Legacy Recordings-album