Olaf Fredrik Rustad () var ein norsk skipsreiar og Høgre-politikar frå Kristiania.

Rustad var son til ein lærar. Han byrja i 1872 i reiarlaget Winge & Co. i 1872. År 1889 vart han kompanjong i firmaet, i 1900 tok han over heile selskapet. I 1903 selde han selskapet og vart direktør i 'Det Søndenfjelds Norske Dampskibsselskab', ei stilling han hadde fram til 1919. Han hadde elles ei rekke verv og styreoppdrag av både forretningsmessig og offtentleg art.

Frå 1901 til 1907 sat Rustad i Kristiania bystyre, og han var medlem av formannskapet 1901-04. Ved stortingsvalet 1912 vart han innvald på Stortinget for Hammersborg krins, attvald ved dei to neste stortingsvala. Rustad var medlem av næringskomitéen alle tre periodane, i siste perioden også av valkomiteen.

Kjelde Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Politikarar frå Oslo