Tore Gullen () er ein norsk tidlegare langrennsløpar og -trenar, frå Jevnaker i Oppland. Han vart noregsmeister to gongar, på 15 km i 1977 og på 30 km i 1981. Frå NM-tevlingar elles fekk han med seg to sølvmedaljar og ein bronsemedalje. Hans fremste internasjonale prestasjon kom på 15-kilometeren i Holmenkollen i 1981, der han kom på delt tredjeplass med Gunde Svan. Pål Gunnar Mikkelsplass og Oddvar Brå kom på dei første plassane.

Besteplasseringar i internasjonale renn 1977: Nr 7 på 30 km, Falun 1978: Nr 12 på 15 km, Holmenkollen 1979: Nr 7 på 30 km, Falun 1980: Nr 5 på 15 km, Holmenkollen 1981: Nr 3 på 15 km, Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1974: Nr 8 på 15 km i Selbu Ski-NM 1975: Nr 7 på 15 km i Heddal Ski-NM 1976: Nr 6 på 30 km i Surnadal Ski-NM 1977: Gullmedalje på 15 km på Vang og bronsemedalje på 30 km på Røros Ski-NM 1978: Nr 5 på 30 km på Konnerud Ski-NM 1979: Nr 4 på 15 km på Steinkjer Ski-NM 1980: Sølvmedalje på 15 km i Asker Ski-NM 1981: Gullmedalje på 30 km og sølvmedalje på 15 km på Eidsvoll Ski-NM 1984: Nr 10 på 15 km på Hof

Trenar Seinare var Gullen trenar for det norske kvinnelandslaget i langrenn, og deretter landslagstrenar for høvesvis Sveits og Sverige. Landslagstrenar i til saman sju år.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Folk frå Jevnaker