Martin Hannestad () var ein norsk prest og stortingsmann fødd på Voss.
Hannestad var son til ein prest. Han var student i 1827 og cand. theol. i 1836. Tida 1829-33 livnærte han seg som huslærar. Frå 1841 var han residerande kapellan i Stod. År 1846 sokneprest i Hvaler, dernest i Idd frå 1856 til 1877. Hannestad var medlem av forlikskommisjonen i både Stod (4 år), Hvaler (10 år) og Idd (20 år). Han var ordførar i Stod i tre år og i alle dei ti åra han var på Hvaler.
Hannestad var 1. representant frå Smaalenenes amt på Stortinget 1854, sekretær i gasje- og pensjonskomiteen. Tre år seinare var han 2. varamann.
Han døydde i Kristiania i 1891.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Ordførarar i Stod Kategori:Ordførarar i Hvaler Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Voss