John Olav Nilsen & Gjengen er eit norskspråkleg pop/rock-band frå Loddefjord i Bergen. Frontfigur i bandet er John Olav Nilsen.
Karriere
Bandet vart skipa i Bergen i 2006, med unntak av to av medlemene som kom med seinare. I 2007 og 2008 hadde dei ein del konsertar i Bergensområdet, m.a. saman med bandet Fjorden Baby!.
Bandet begynte for alvor å bli kjende i 2008 då dei vart kåra til Ukens Urørt, og kom på tredje plass i Årets Urørt-finalen, då Pony the Pirate vann. Vidare deltok bandet på By:larm i Oslo 2009 og gav ut debutalbumet For sant til å være godt på Voices Music & Entertainment seinare same året. Plata vart svært godt motteken med fleire terningkast 6 og 5 frå norske aviser. På slutten av året vart albumet kåra til Årets norske album av m.a. Aftenposten og Dagbladet.
Under Spellemannprisen 2009 vann dei i klassen rock for debutalbumet. I tillegg var dei nominerte i klassen årets nykomar, men tapte mot Donkeyboy.
I februar 2011 kom oppfølgjarplata Det nærmeste du kommer ut på same plateselskapet. Ei melding i Aftenposten omtalte albumet som «godt, men ikkje hundre prosent vellukka». Aftenposten si melding av Det nærmeste du kommer
Singlar
10 ganger 1000 (2009) Valiumsvalsen (2009) Hull i himmelen (2009) Skrekkfilm (2011)
Plater
For sant til å være godt (2009) Det nærmeste du kommer (2011) Den eneste veien ut (2012)
Kjelder Artikkelen er omsett frå Bokmålswikipedia, 4. februar 2011.
Kategori:Musikkgrupper skipa i 2006 Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Musikarar frå Bergen Kategori:Norske musikkgrupper