«Candy Store Rock» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå 1976 på albumet deira Presence. Han vart òg gjeven ut som singel i USA, men gjekk ikkje inn på lista der.
Songen er gjort som ein 50-tals rock 'n' roll-song. Ein del av teksten til songaren Robert Plant var delvis inspirert av forskjellige Elvis Presley-songar. John Bonham si trommespeling er meir kontrollert enn bombastisk, driven av samspel mellom ride-cymbalen og skarptromma. Gitarsoloen til Jimmy Page er kort og tilmålt, og kjem halvvegs ut i songen.
Bandet spelte inn songen i Musicland Studios i Tyskland, og det tok dei om lag ein time og skrive han. Plant song songen frå rullestol, sidan han nyleg hadde vore i ei bilulukke i Hellas.
«Candy Store Rock» vart aldri framført på konsertane til bandetDave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9., bortsett frå eit kort riff av Page på Riverfront Coliseum i Cincinnati i Ohio i april 1977.
Robert Plant reknar «Candy Store Rock» som ein av favorittsongane sine frå Presence.
Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Candy Store Rock» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Swan Song Records-singlar Kategori:Britiske rock and roll-songar