Hans Thøger Winther () var ein norsk forleggar og boktrykkar og ein pioner innan fotografi.
mini|venstre|Krohgstøtten i Oslo av Hans Thøger Winther
Han starta i 1822 ein forlagsbokhandel, og seinare eit eige bok- og steintrykkeri. Han deltok mellom anna i utgjevinga av det illustrerte Norsk Penning Magazin og den første illustrerte bibelen i landet. Winther utvikla tre ulike metodar til fotografisk gjengjeving, og utgav den første fotoboka i Noreg, Anviisning til paa trende forskjellige Veie at frembringe og fastholde Lysbilleder paa Papir (1845), ein av dei første bøkene i verda innan området. Arbeidet hans fekk liten innverknad, sidan det var daguerreotypien og kalotypien som kom til å danne grunnlaget for den vidare utviklinga til fotografiet.
Kjelder Hans Thøger Winther frå Norsk biografisk leksikon
Kategori:Norske forleggjarar Kategori:Norske fotografar Kategori:Norske boktrykkarar Kategori:Folk frå Thisted