miniatyr|Johann Sebastian Bach. Oljemåleri av Elias Gottlob Haußmann (1748) mini|Bach si underskrift Bachkantater er eit oversyn som omfattar rundt 265 av dei om lag 300 kantatene som Bach skreiv. Av desse er berre 200 overleverte. Ved sida av pasjonane, oratoriene og Messe i h-moll høyrer kyrkjekantatene til Bach sine mest tungtvegande kyrkjemusikalske verk.

Lista kan sorterast etter BWV-nummer, tittel, plassering i kyrkjeåret, året Bach skreiv kantata og datoen for uroppføringa, om den er kjent. I andre kolonnar kan ein ordne songarar og instrumentalistar gruppevis. Dei arabiske tala gir talet på instrument i kvar kantate. Under merknad ser ein om det er snakk om noko anna enn ei kyrkjekantate; det kan ein òg sjå av fargekoden. I kolonnen nest lengst til høgre er lenkja til Bach Cantata Page (BCP), der ein kan finne fullstendige tekstar, oppbygging og annan detaljinformasjon. I siste kolonne finn ein lenkje til notemateriale i den gamle utgåva av Bach sine samla verk (Gesamtausgabe av Bach-Gesellschaft Leipzig) på IMSLP.

__TOC__ Forkortingar Instrumenteringa er forkorta slik:

Songsolistar(Solo)Korstemmer(Kor)SATB: Ein bokstav for kvar stemme, SATBSATB tyder til dømes eit verk med to kor.Messingblåsarar(Messing)Treblåsarar(Tre)Strykarar(Strykarar)Klaviatur(Klaviatur)Generalbass(Bc)S = sopranS = sopranTr = tromba (trompet)Fl = tlauto (blokkfløyte)Med Flauto meiner Bach alltid ei blokkfløyte og skriv uttrykkeleg Flauto traverso for ei tverrfløyte. Vl = violino (fiolinar)Org = Organo (orgel)Bc = basso continuoGeneralbass-stemma inneheld ved sida av tangentinstrument (stort sett orgel ved kyrkje-, cembalo ved verdslege kantater) også cello, violone og eventuelt fagott. Derfor er desse instrumenta berre noterte når dei har si eiga stemme (oftast solistisk).A = AltA = altTt = tromba da tirarsi («trekkbasun» frå 1600-talet)Fp = flauto piccolo (sopranblokkfløyte)Med Flauto piccolo meinte Bach ei høg sopranblokkfløyte stemt i f² (BWV 96) eller d² (BWV 103).Vs = Violino soloCemb = cembaloLt = liuto (lutt)T = TenorT = tenorCl = clarino (høg barokktrompet)Ft = flauto traverso (tverrfløyte)Va = viola (bratsj) B = BassB = bassTb = trombone (posaune)Ob = oboVc = cello Co = Corno (horn)Oa = oboe d’amoreVp = violoncello piccolo Cc = Corno da caccia (jakthorn) Ot = Taille (tenorobo)Vm = viola d’amore Ct = corno da tirarsi (barokktrompet) Oc = oboe da cacciaVg = viola da gamba (gambe) Li = lituusDet er uklårt og omstridt kva instrumentet Lituus, som er spesifisert i BWV 118, eigentleg er. Sjå s. . Fg = fagottoVt = violetta Cn = Cornetto (zink) Vn = violone Ti = Timpani (paukar)Paukane er lagde inn under messingblåsarane av di Bach alltid førte dei opp som "Bass" i trompetkoret.

Merknader

+FargekoderKyrkjekantateVerdsleg kantateAv Bach, men ingen kantateIkkje av BachFragmentTapt Liste over kantater Lista er bygd opp rundt Bach-Werke-Verzeichnis og omfattar alle kyrkjekantatene til Bach (den største delen av serien BWV 1–199) og verdslege kantater (som BWV 201, 203–209, 211–215), alle fragment (som BWV 80b, 216, 224, Anh. 224) og verk som ein tidlegare trudde var av Bach (som BWV 15, 53, 141, 160, 217–223), alle kantater der musikken er tapt (som BWV 36a, 66a, 70a, 80a, 120b), og alle verk som tidlegare blei regna som kantater, men som i røynda høyrer til ein annan musikksjanger (som BWV 11, 118).