mini|Masi kyrkje Masi (nordsamisk Máze) er ei bygd i Kautokeino kommune, sør i Finnmark fylke. Ho har 209 innbyggjarar og er den nest største tettstaden i kommunen, etter Kautokeino. Dei aller fleste av innbyggjarane i Masi er samar, og om lag halvparten er sysselsette innan reindrift.Masi/Máze på www.visitnorway.com
Stadnamnet Máze/Masi kjem frå elvenamnet Mázejohka, som tyder 'buktande elv'.
Ved utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget på 1970-talet var det opphavleg planlagd å leggja bygda under vatn.«25 år i skyttergravene» fra Finnmark Fylkestings temadag ”Urfolk”, 15. juni 2004.
Sjå òg Máze naturreservat Masi kyrkje Kjelder
Kategori:Geografi i Kautokeino Kategori:Bygder i Finnmark