mini|Brunhjørnet ved krysset mellom Nordre gate og Kongens gate i Trondheim. F. Bruns Bokhandel var ein norsk bokhandel og forlag i Trondheim, etablert 1873 av Andreas M. Brun og Anton Heiberg. Frå 1876 var Brun eineeigar. Namnet kjem frå Fridthjov Brun, son av Andreas Brun. Firmaet har mottatt prisen «Årets Bedrift» i Trondheimsregionen, og var lenge mellom blant byens sterkaste merkenamn. Bokhandelen hadde fleire filialer i byen og i nabokommunane.

Då Gyldendal bygde opp si eiga bokhandlarkjede Ark kjøpte dei i 2000 bokhandeldelen av selskapet frå fjerde generasjon Brun. Hovudbutikken på «Brunhjørnet» øvst i Nordre gate heiter no Ark Bruns. Familien Brun eig framleis eigedomen på Brunhjørnet.

Utgjevingar Som forleggar har firmaet stått for ei rekke viktige utgjevingar innan kultur og lokalhistorie, mellom desse:

Halvdan Koht (red.), Våre høvdinger. 70 livsskildringer med portretter (1929) A. Chr. Føyn og O. Juel, Lærebok i praktisk regning (1936)

Henry Røsoch, Trondheims historie (1939) Esten Kromlær, Æ kose mæ læll (1941)

Nils A. Ytreberg, Handelssteder i Finnmark: historie, handelsliv, reise og fest (1942) Axel Coldevin, Jordegods og storgårder (1943) Nils P. Vigeland, Norsk seilskipsfart erobrer verdenshavene (1943)

Per Bøhn, IMI – norsk innsats i kampen om atomkraften (1946)

Voltaire, Candide (1946). Oversatt av Chrix Dahl Finn Amundsen (red.), Norsk idrett siden frigjøringen (1949) Einar K. Aas og Peter Wessel Zapffe, Vett og uvett (1950)

Litteratur Wilhelm K. Støren F. Bruns Bokhandel 1873–1973. 1973

Kjelder Bokelskere.no Bruns forlag Fridthjov Brun i SNL

Referansar

Denne artikkelen bygger på «F. Bruns Bokhandel» frå , den 21. desember 2021.

Kategori:Næringsliv i Trondheim Bruns Kategori:Norske bokhandlar Kategori:Forlag skipa i 1870-åra Kategori:Føretak skipa i 1873 Kategori:1873 i Noreg