Abandon er det sekstande studioalbumet til det engelske hardrockbandet Deep Purple, gjeve ut i mai 1998. Det var det andre albumet til Deep Purple med Steve Morse på gitar og det siste albumet med grunnleggjaren Jon Lord før han forlét bandet i 2002.

Albumet vart etterfølgd av ein vellykka verdsturné i 1998/1999 som førte Deep Purple til Australia for første gong på 15 år. I 1999 vart det gitt ut eit konsertalbum og ein DVD Total Abandon: Australia '99 spelt inn i Melbourne 20. april 1999.

Albumtittelen er eigentleg eit ordspel frå Ian Gillan - "A Band On" - og albumet vart etterfølgd av A Band on Tour. Det inneheldt ei omarbeiding av ein tidlegare innspelt låt - «Bloodsucker» frå Deep Purple in Rock (her stava «Bludsucker»). «Don't Make Me Happy» vart ved ein feil mastra i mono og ikkje endra på albumet, den eine av dei to versjonane av songen som vart gitt ut på ein reklamesingel var mastra i stereo.

Innhald

Medverkande Deep Purple Ian Gillan – vokal Steve Morse – gitar Jon Lord – klaverinstrument Roger Glover – bass Ian Paice – trommer

Produksjon Innspilt i Greg Rike Studios, Altamonte Springs, Florida, 1997/1998. Produsert av Deep Purple og Roger Glover Lydteknisk utført av Darren Schneider Ytterligere lydteknikar av Keith Andrews Miksa i Platinum Post Studios i Orlando, Florida av Darren Schneider Assisterende lydteknikar - Kent Huffnagle saman med Shannon Brady Mastra på Masterdisk, New York av Greg Calbi.

Salslister Liste (1998) PlasseringDen japanske albumlista (Oricon) 58

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Abandon (album)» frå , den 15. juli 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Deep Purple-album Kategori:Musikkalbum frå 1998 Kategori:Album produserte av Roger Glover Kategori:CMC International-album Kategori:EMI Records-album