Aminadav (hebraisk עַמִּינָדָב) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg sørvest for Jerusalem nær Yad Kennedy i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 981.

Etymologi Namnet «Aminadav» er ein kombinasjon av to hebraiske ord: «Ami»- nasjonen min, og «Nadav»- generøs, givande eller frivillig. Aminadav tyder derfor «eit generøst folk» og opphavet er frå Det gamle testamentet Andre Mosebok (6:23 et al.); «Nachshon ben Aminadav» var den første mannen som gjekk ut i «Raudehavet» då jødane flykta frå slaveriet i Egypt.

Historie Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av emigrantar frå Jemen. Mellom 1952 og 1953 tok han i mot fleire emigrantar frå Nord-Afrika og nokre innfødde israelarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aminadav» frå , den 12. oktober 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1950 Kategori:Busetnader i Jerusalem distrikt Kategori:Jemenittisk diaspora i Israel Kategori:1950 i Israel