Jan Clifford Christiansen () er ein norsk tidlegare fotballspelar og -trenar. I tida 1966-75 spelte han sentralt på midtbana til Rosenborg BK, og vann tre seriemeisterskap og eitt cupgull.

Spelar Klubbspel Christiansen kom til Trondheim i 1965 for å studere på Norges tekniske høgskole. I sin fyrste sesong med Rosenborg, 1966-sesongen, var han med å spele klubben opp frå 2. divisjon. Allereie i sin fyrste sesong på høgste nivå vart laget norsk seriemeister og nådde cupfinalen 1967, der det vart tap 1-4 mot oslolaget Lyn. Seinare vart han seriemeister i 1969 og 1971. I 1971 vart Rosenborg også norsk meister ved å vinne cupfinalen på Ullevaal stadion i Oslo med 4-1 over Fredrikstad FK. Gjennom sesongane 1967–75 spelte Christiansen 160 kampar og skåra 25 mål i 1. divisjon. Han var kaptein på Rosenborg i fleire sesongar.

Landslagsspel Christiansen spelte 13 landskampar i tida juli 1969 til oktober 1973. Einast i 1972 og -73 deltok han i fleire landskampar på rad. Han makta ikkje å markere seg for Noreg, kom aldri på skåringslista.

Merittar Seriemeister: 1967, 1969 og 1971 med Rosenborg Noregsmeister: 1971 med Rosenborg Tapande cupfinalist: 1967, 1972 og 1973 med Rosenborg Seriesølv: 1968, 1970 og 1973 med Rosenborg

Trenar Christiansen var spelande trenar i Rosenborg i 1975 og i Røros IL i 1976.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jan Christiansen» frå , den 22. november 2015.

NFF-profil

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Rosenborg-spelarar