Conseslus Kipruto () er ein kenyansk friidrettsutøvar som deltek internasjonalt i hinderløp. Han vart olympisk meister i 3 000 meter hinder under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro og verdsmeister 2017 i same øvinga i London. Både ved VM i friidrett 2013 og VM i friidrett 2015 tok han sølv i 3 000 meter hinder, begge gongane slått av landsmannen Ezekiel Kemboi. Under verdsmeisterskapen 2022 la Kipruto beslag på bronsemedaljen. Han presterte livsbeste 8.00,1 ved eit stemne i Birmingham i 2016.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje – 8.06,3, bakom Ezekiel Kemboi (8.06,0) VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 8.12,3, bakom Ezekiel Kemboi (8.11,2) OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje – 8.03,2, framom Evan Jager (8.04,2) VM 2017 i London: Gullmedalje – 8.14,1, framom Soufiane El Bakkali (8.14,4) VM 2019 i Doha: Gullmedalje – 8.01,35, framom Lamecha Girma (8.01,36) VM 2022 i Eugene: Bronsemedalje – 8.27,9
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Conseslus Kipruto» frå , den 6. september 2016.
World Athletics
Kategori:Kenyanske hinderløparar Kategori:Olympiske meistrar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016