Jugulator er det trettande studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Det kom ut i Japan 16. oktober 1997 og i resten av verda 28. oktober 1997. Det var det første albumet deira sidan Painkiller (1990) og det første av to studioalbum bandet spelte inn utan Rob Halford og med erstattaren Tim «Ripper» Owens.
Tekstar Tekstane omhandla mørkare tema enn tidlegare, mellom anna ein mekanisk demon som kuttar opp magen på offeret sitt, og enden av verda i songen «Cathedral Spires.» Gitarane var òg stemt så lågt som C# og C, og gjorde ei endring frå speed metal og tradisjonell heavy metal på Painkiller til ein meir thrash/groove metal-orientert stil.
Heile albumet verkar å skildre enden av verda, frå komet til Jugulator, til den faktiske enden («Cathedral Spires»). Songar som «Dead Meat», «Decapitate» og «Burn in Hell» skildrar alle det vonde som menneske gjer. Til slutt er dei vonde handlingane så valdsame at det øydelegg heile verda.
Reaksjon Reaksjonen til albumet var delt mellom dei som likte albumet slik som det var, og dei som likte musikken, men føretrekte Halford som vokalist og dei som mislikte albumet heilt. Glenn Tipton forsvarte dei musikalske endringane og sa «Du må hugse at det mangla to album mellom 1990 og Jugulator. For oss er det ikkje det store spranget som enkelte ser.»
Marknadsføring Det vart filma ein musikkvideo for songen «Burn in Hell». «Jugulator» og «Blood Stained» vart gjeve ut i plateboksen Metalogy.
«Bullet Train» vart nominert til ein Grammypris for beste metal-låt i 1998.
Innhald
Medverkande Judas Priest K.K. Downing – gitar Glenn Tipton – gitar Ian Hill – bassgitar Scott Travis – trommer Tim «Ripper» Owens – vokal
Produksjon Produsert av Glenn Tipton, K.K. Downing og Sean Lynch Spelt inn og miksa i Silvermere Studios Mastra ved Whitfield Street Studios Illustrasjonar av Mark Wilkinson Design av Andie Airfix ved Satori Fotografi av Ross Halfin
Lister Lister (1997) Plassering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jugulator» frå , den 21. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1997 Kategori:Judas Priest-album Kategori:SPV/Steamhammer-album