Cesária Évora ()«Singer Cesaria Evora dies at the age of 70», BBC News, 17. desember 2011. var ein songar frå Kapp Verde. Ho er kjend for å ha framført musikk i sjangeren morna. Ho framførte også songar i dei muntrare stilane coladeira og funaná frå Kapp Verde, og seinare i karrieren utvida ho også repertoaret med innslag av arabisk, kubansk og brasiliansk musikk. Évora blei kjend som «barfotdivaen», ettersom ho pleide å opptre barføtt i solidaritet med fattige kvinner.«Barfotdivaen», Bergens Tidende, 30. april 2006.

Liv og virke Évora voks opp i ein fattig familie, og mista faren, Justino da Cruz Évora, som sjuåring.Cesária Évora, Singer From Cape Verde, Dies at 70, New York Times, publisert 18. desember 2011. Då ho var 10 år gammal såg mora Dona Joana seg nøydd til å senda henne til ein barneheim, ettersom ho ikkje kunne forsørga alle seks barna sine.

mini|venstre|Heimen til Cesária Évora, som no er eit museum. mini|Cesária Évora avbilda på ein 2000-escudoseddel gjeve ut på Kapp Verde i 2014.

Då ho var seksten byrja ho å opptre på hamnekneiper i heimbyen som tenåring. På 1960-talet byrja ho synga på portugisiske cruiseskip som vitja Mindelo, og på lokal radio. I Europa blei det gjeve ut konsertopptak av Évora på plate på 1960-talet. På 1970-talet gav ho opp songkarrieren fordi han ikkje var mogleg å leva av.

På 1980-talet dukka ho opp igjen. I 1985 blei ho invitert av den kappverdiske songaren Bana til Portugal. I Lisboa blei ho oppdaga av produsenten José da Silva og gjeven mogleiken til å spela inn musikk i Paris.Garth Cartwright: Cesária Évora obituary in The Guardian, 17. desember 2011.

Ho spelte inn sitt første album, Cesaria, i 1987. Internasjonal suksess kom med det første kommersielle albumet, La Diva Aux Pieds Nus frå 1988, og nådde eit breiare publikum med Mar Azúl (1991). Miss Perfumado frå 1992 seld i over 300 000 eksemplar over heile verda. Albumet inneheldt ein av hennar best kjende songar, «Sodade». Évora hadde utselde opptredenar på store scenar i Paris og Lisboa.

I 2004 vann Évora ein grammypris for albumet Voz D'Amor. I 2009 blei ho utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen.«Légion d'honneur pour Césaria Evora, "diva aux pieds nus et à la voix d'or"», ladepeche.fr, 9. februar 2009.

Under ein turné i Australia i 2008 fekk Évora slag. I 2009 gav ho ut sitt siste album, Nha Sentimento, som blei spelt inn i Mindelo og Paris med José da Silva. I 2010 hadde Évora ei rekkje konsertar, den siste i Lisboa den 8. mai. To dagar seinare gjekk ho gjennom ein operasjon grunna eit hjarteåtak. I september 2011 kunngjorde agenten til Évora at ho kom til å trekkja seg tilbake grunna dårleg helse.

17. desember 2011, 70 år gammal, døydde Évora i São Vicente på Kapp Verde. Regjeringa på Kapp Verde erklærte landesorg i to dagar då ho døydde.

Évora påverka yngre songarar som Mayra Andrade og Sara Tavares.

Diskografi 1987 – Cesária 1988 – Cesária Évora, La Diva aux pieds nus 1990 – Distino di Belita 1991 – Mar Azul 1992 – Miss Perfumado 1994 – Sodade – Les plus belles mornas de Cesaria (Best of) 1995 – Cesária 1995 – Cesária Évora à L'Olympia 1997 – Cabo Verde 1998 – Best of Cesária Évora 1998 – Nova Sintra 1999 – Le monde de Cesária Évora 1999 – Café Atlantico 2001 – Cesária Évora: L'essentiel 2001 – São Vicente di Longe 2002 – Anthology 2002 – Anthologie: Mornas & Coladeras 2002 – The Very Best of Cesária Évora 2003 – Voz d'Amor 2004 – Les essentiels 2006 – Rogamar 2008 – Rádio Mindelo 2009 – Nha sentimento

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cesária Évora» frå og «Cesária Évora» frå , den 8. mars 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kappverdarar Kategori:Æreslegionen