Eigil Knutsen () er ein norsk politikar frå Karmøy i Rogaland. Han har sidan 2017 representert Hordaland og Arbeidarpartiet på Stortinget.
Knutsen er utdanna i økonomi ved Universitetet i Bergen. I studetida engasjerte han seg i AUF og deltok i 2011 på fylkinga sin sommarleir på Utøya. Under terroråtaket vart han berga av friviljuge som kom til øya med båt. 2015-17 arbeidde han som rådgjevar for byrådsleiaren i Bergen. Hausten 2017 vart han vald til stortingsrepresentant for Arbeidapartiet, medlem i Finanskomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk frå Karmøy