Mbandaka er ein by som er provinshovudstad i Équateurprovinsen i Den demokratiske republikken Kongo. Byen er ein viktig stoppestad ved elva mellom byane Kinshasa og Kisangani. Han har omtrent 729 257 innbyggjarar (2004).
Byen blei grunnlagd under namnet «Équateur» av Henry Morton Stanley i 1883. Rådhuset i byen ligg 6,6 kilometer nord for ekvator. På grunn av plasseringa ved ekvator og langs elva Kongo var det planer om å anleggja kolonihovudstaden i Mbandaka. I 1886 endra dei belgiske kolonistyresmaktene namnet til «Coquilhatville». Dette blei verande namnet til byen fram til 1966, då namnet blei endra til Mbandaka til ære for ein lokal leiar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mbandaka» frå , den 10. januar 2026.
Kategori:Byar i Kongo Kategori:18°E Kategori:0°N