Thelonious Gerard Aasgaard () er ein fransk-norsk fotballspelar fødd i Liverpool i Storbritannia. Han er ein offensiv midtbanespelar som i 2026 gjer teneste i skotske Rangers FC.

Karriere Klubbspel Aasgaard debuterte i oktober 2020 for Wigan Athletic på nivå 2 i engelske fotballseriar. Fram til januar 2025 spelte han 140 kampar og skåra 23 mål for Wigan. Vårsesongen 2025 spelte han 17 kampar for rivalen Luton Town, ein klubb som låg heilt i botnen av nivå 2. Etter Luton rykte ned, vart han i 5. juli 2025 overført til Rangers FC og spel i den skotske toppserien.

Landslagsspel 11. mars 2025 fekk Aasgaard sin debut på Noregs landslag i VM-kvalifiseringskampen mot Moldova på bortebane. Han skåra det tredje målet då Noreg vann 5–0. I dei neste landskampane var han innbytar, mellom anna då Moldova gjesta Ullevål stadion den 9. september 2025. Her kom han på bana då kampen var 63 minutt gammal og skåra sidan fire mål, slik at sluttresultatet vart 11–1. Per 1. april 2026 var han bokført med 6 landskampar og 5 skåringar.

Kjelder

eu-football Denne artikkelen bygger på «Thelo Aasgaard» frå , den 10. april 2026.

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Wigan-spelarar Kategori:Luton-spelarar Kategori:Rangers-spelarar Kategori:Folk frå Liverpool Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026