Jakob II () var konge av Skottland frå 1437 til han døydde i 1460. Han etterfølgde far sin, som var blitt drepen, då han var seks år gammal.
Bakgrunn Han var son av Jakob I og Joan Beaufort. Jakob hadde ein tvillingbror, Alexander, som var fødd før han og dermed var tronarving. Alexander blei adla som hertug av Rothesay, men døydde som spedbarn. Jakob II var sjølv far til Jakob III, som etterfølgde han på trona. Han hadde kallenamnet «Fiery face» på grunn av eit svært synleg, raudt fødselsmerke i ansiktet. Dei seks søstrene hans blei gifta inn i ulike europeiske fyrstehus.
Barnekonge Jakob blei krona då berre var sju år gammal, og i mesteparten av regjeringstida hans var det andre som styrte. Faren blei drepen på grunn av ein konflikt om arveretten mellom etterkomarar frå det fyrste og andre ekteskapet til Robert II. Walter Stewart, 1. jarlen av Atholl, freista å ta makta, men sjølv om han klarte å drepa kongen blei han raskt stoppa. Vaktene til Jakob fekk han avretta saman med andre deltakarar i komplottet.
Frå 1437 til 1439 styrte Archibald Douglas, 5. jarl av Douglas Skottland, i eigenskap av å vera riksstatthaldar. Etter at han døydde var det mangel på høgtståande jarlar i landet på grunn av dødsfall og tittelinnehavarar som var for unge. Makta blei derfor delt mellom William, 1. lord Chrichton, som var rikskanslar, og Alexander Livingston av Callendar, og dessutan i periodar James the Gross, jarl av Avondale. Som vaktar av Stirling Castle hadde Livingston fysisk kontroll over kongen.
I 1440 blei den såkalla Black Dinner halden på Edinburgh Castle. Den unge William Douglas, den 6. jarlen av Douglas, og broren hans blei avretta etter ei summarisk domfelling. Avondale tente spesielt mykje på dette, då han blei den 7. jarlen av Douglas og dermed fekk store eigedommar og mykje makt.
Det er mykje som er uklart kring kven som faktisk styrte mellom 1439 og 1445. Men i sistnemnde år samarbeidde Livingston-slekta med William Douglas, den 8. jarlen av Douglas, om å pressa ut Crichton. Douglas tok ei leiande rolle fram til 1449, og fekk òg brørne og andre familiemedlemmar innsette i viktige posisjonar. Men Crichton klarte å få tilbake innverknaden sin, og samarbeidde snart med Douglas-slekta igjen.
Striden med Douglas-slekta I 1449 blei Jakob II erklært myndig. Dette medførte ikkje så store endringar i måten landet blei styrt på. Douglas-slekta brukte det som eit påskot til å kasta ut Livingstone-slekta frå det delte styret, noko kongen var med på fordi han ville hemna arresteringa av mor si i 1439, som Livingston hadde stått bak for å fjerna henne frå den politiske arenaen. Douglas og Chrichton dominerte framleis, og kongen hadde avgrensa høve og evne til å styre utan dei.
Jakob fann seg ikkje i denne situasjonen utan å seia frå, og mellom 1451 og 1455 kjempa han for å fri seg frå makta til Douglas-slekta. I 1451 var jarlen av Douglas utanlands, og kongen nytta høvet til å prøva å avgrensa innverknaden til slekta. Striden kulminerte med drapet på den 8. jarlen på Stirling Castle den 22. februar 1452.
Hovudkjelda til kunnskap om mordet på Douglas er Auchinleck-krønika, eit verk som er nesten samtidig med hendinga men som berre er bevart i delar. Ifølgje denne skulda kongen jarlen for å danna band med John Macdonald, 11. jarlen av Ross og med Alexander Lindsay, 4. jarlen av Crawford. Det er ikkje usannsynleg at skuldinga var korrekt. Eit slikt band danna ein farleg maktfaktor som kunne bli ein rival til kongemakta. Då Douglas nekta å bryta med Ross blei Jakob rasande, og stakk han ned. Embetsmennene hans ved hoffet slutta seg til han, og ein av dei skal ha slått ut jarlehjernen med ei øks. Mange av embetsmennene fekk seinare stor innverknad, og fleire av dei fekk tildelt delar av eigedommane til jarlen.
Mordet medførte ikkje slutten på makta til Douglas-slekta. Frå 1452 til 1455 var det borgarkrigsliknande tilstandar, med trefningar no og då. Jakob freista å ta kontroll over eigedomane til slekta, men i fleire tilfelle tapte kongen maktkampen, og han måtte etterkvart gje det meste av eigedomane till James Douglas, 9. jarlen av Douglas. Dei militære stridene avklarte ikkje situasjonen, og stillinga til kongen var lenge usikker. Men i mai 1455 sigra Jakob i det avgjerande slaget ved Arkinholm, og Douglas-slekta var sterkt svekka etter dette.
Etter sigeren ved Arkinholm erklærte parlamentet at Douglas-slekta skulle mista eigedomane sine, som blei lagde under krona. Også andre adelsmenn mista eigedomane og slotta sine. Jarlen av Douglas flykta til England, der han budde i eksil i mange år. Jakob stod dermed endeleg fri til å styra landet sjølv. Det skotske monarkiet opplevde ikkje seinare noka anna like stor utfordring mot styret sitt, og i likskap med Jakob I sin siger over Albany gav sigeren kongemakta ein sterkare status.
Ein effektiv konge I dei siste fem åra av regjeringstida si var Jakob II ein aktiv konge. Han hadde ambisiøse planar om å ta Orknøyane, Shetlandsøyane og Man, noko han ikkje klarte. Han reiste mykje rundt i landet. Nokre av dei meir upopulære handlingane til Jakob III skal ha hatt sitt opphav i denne delen av regjeringstida til Jakob II. I 1458 vedtok parlamentet ein lov som påla kongen å dempa aktiviteten sin noko. Det er ikkje mogleg å seia kva langsiktig effekt dette kunne ha fått, då han ikkje levde meir enn to år til.
Militært var han ein entusiastisk forkjempar for moderne artilleri, noko han hadde brukt med stort hell mot Douglas-slekta. Ambisjonane hans om å styrkja Skotland førte til at han i 1460 omleira Roxburgh Castle, som var eit av dei siste slotta som engelskmennene framleis kontrollerte etter den skotske sjølvstendekrigen. Den 3. august 1437 døydde kongen då ein av kanonane hans eksploderte. Skottane heldt fram med omleiringa, og erobra slottet.
Familie Jakob gifta seg med Marie av Guelders i Holyrood Abbey i Edinburgh den 3. juli 1449. Dei fekk sju born:
Son, ukjent om han fekk noko namn, fødd 19. mai 1450, død same dag. Jakob III av Skottland, 1451/1452–1488 Alexander Stewart, 1. hertug av Albany, ca. 1454–1485 David Stewart, jarl av Moray, ca. 1456–1457 John Stewart, jarl av Mar og Garioch, ca. 1459–1479 Margaret Stewart av Skottland Mary Stewart av Skottland, død 1488
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jakob II av Skottland» frå , den 4. juli 2026.
Litteratur
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Edinburgh Kategori:Huset Stuart Kategori:Hertugar av Rothesay Kategori:Skotske monarkar