Syvde er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal fylke, frå 1837 del av Vanylven formannskapsdistrikt.
1. februar 1918 vart Syvde skild ut som eigen kommune med 1 260 innbyggarar. Syvde er også namnet på ei av bygdene i Vanylven kommune. Bygda ligg inst i Syvdsfjorden. Frå Syvdsbotnen går det to dalføre; Nordalen og Sørdalen. Fjorden er ein typisk vestlandsfjord med bratte skråninger og relativt høge fjell.
1. januar 1964 vart Syvde og Vanylven kommunar saman med Rovdestranda frå Rovde kommune slått saman til den nye Vanylven kommune. Syvde hadde ved samanslåinga 1 458 innbyggarar.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for gamle Syvde kommune frå 1918 til 1964: 1.2.1918Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Syvde 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964 1260 1262 1279 1365 1401 1502 1458
Sjå også Ordførarar i Syvde
Kjelder
Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Historie i Vanylven Kategori:Norske kommunar skipa i 1918 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964