(Untitled) er det niande albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i september 1970 på Columbia Records. Det er eit dobbeltalbum der den eine plata inneheld konsertopptak frå tidleg i 1970 i New York City og den andre er ei studioplate med nye innspelingar. Dette var dei første konsertopptaka med bandet som vart gjeven ut, samt det første albumet med den nye bassisten Skip Battin, som hadde erstatta John York seint i 1969.

Studioalbumet består hovudsakleg av nye, sjølvskrivne songar, mellom anna fleire skriven av frontmannen Roger McGuinn og teaterinstruktøren frå Broadway, Jacques Levy, for ein planlagt countryrockmusikal som paret heldt på å utvikle. Produksjonen skulle baserast på Henrik Ibsen sin Peer Gynt og oppsett som Gene Tryp (eit anagram av Peer Gynt)), der soga skulle finne stad sørvest i Amerika på midten av 1800-talet. Planane for musikalen fall gjennom og fem av songane som var meint for Gene Tryp vart i staden spelt inn av The Byrds for (Untitled), sjølv om berre fire av dei hamna på albumet til slutt.

Albumet nådde 40. plass på den amerikanske albumlista og 11. plass i Storbritannia. Ein singel vart teken frå albumet, «Chestnut Mare» og gjeven ut i USA i oktober 1970. Singelen nådde 121. plass på singellista der. Singelen vart seinare gjeven ut i Storbritannia i januar 1971, der han gjorde det langt betre med ein 19. plass. Albumet fekk god kritikk då det kom ut og selde godt, og både kritikarar og tilhengjarar meinte at bandet no var tilbake der det hadde vore før kvalitetsmessig. Albumet vert framleis rekna som det beste av den seinare utgåva av The Byrds.

Innhald

Merk: siste songen endar ved 5:08; ved 5:17 byrjar Amazing Grace (trad. arr Roger McGuinn, Clarence White, Gene Parsons, Skip Battin)

Medverkande The Byrds Roger McGuinn - gitar, Moog synthesizer, vokal Clarence White - gitar, mandolin, vokal Skip Battin - elektrisk bass, vokal Gene Parsons - trommer, gitar, munnspel, vokal

Andre medverkande Gram Parsons - korvokal på «All the Things» Terry Melcher - piano på «All the Things» og «Truck Stop Girl» Byron Berline - fele på «You All Look Alike» Sneaky Pete Kleinow - pedalsteelgitar på «Yesterday's Train»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Untitled (The Byrds album)» frå , den 19. oktober 2010. oppgav desse kjeldene: Rogan, Johnny, The Byrds: Timeless Flight Revisited, Rogan House, 1998, ISBN 0-95295-401-X Hjort, Christopher, So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973), Jawbone Press, 2008, ISBN 1-90600-215-0.

Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:The Byrds-album Kategori:Album produserte av Terry Melcher Kategori:Columbia Records-album Kategori:CBS Records-album Kategori:Legacy Recordings-album