Laurentius Stub Koren () var ein norsk prest og stortingsmann frå Eigersund. Amtmann Ulrik Koren var far hans. Hans Jacob Grøgaard var svigerfaren hans.
Koren vart student frå Bergens katedralskole i 1823 og vart cand. theol. i 1827. Same året vart han tilsett som prest i Vanylven, eit embete han styrte i seks år. Deretter var han i mange år, 1833-59, sokneprest i Fjellberg. Sidan var han i 22 år sokneprest i Fredrikstad. Frå 1843 til 1879 var han i tillegg prost i høvesvis Sunnhordland og Nedre Borgesyssel. Koren slutta prestegjerninga i 1881.
Koren var 4. representant frå Søndre Bergenhus amt på Stortinget i 1845, medlem av kyrkjekomite nr 1. Til Stortinget 1848 var han 1. varamann, og møtte då på tinget i staden for Ludvig Kristensen Daa.
Koren vart tildelt borgardådsmedaljen i sølv.
Då han slutta som prest, busette han seg i Kristiania. Han døydde der i 1892.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Eigersund