Conrad Mohr () var ein norsk forretningsmann og legatstiftar.

Familie Mohr var fødd i Bergen som son av Wilhelm Mohr (1820–80) og bror av embetsmann August Christian Mohr (1847–1918). Han var far til godseigaren Wilhelm Mohr (1886–1978) og geografen Anton Mohr (1890–1968).

Aug. C. Mohr & Søn Etter å ha fått ei grundig utdanning innan handel byrja han i 1877 i det bergenske firmaet Aug. C. Mohr & Søn. Etter at faren døydde i 1880 vart han sjef for firmaet saman med onkelen Anthon Mohr. Då onkelen døydde i 1890 dreiv han selskapet aleine, før Christian Magnus Kjær kom til selskapet i 1897. Mohr var aktiv i firmaet fram til 1902.

I perioden Mohr var i Aug. C. Mohr & Søn arbeidde han firmaet opp til å verte den største kornimportøren i landet, særleg ved å utnytte kornmarknadane ved Svartehavet.

Conrad Mohrs legat Conrad Mohr stifta «Conrad Mohrs legat» 24. september 1917 med ein eigenkapital på ein million kroner. Renter av dette skulle nyttast til reisestipend for forfattarar, skodespelarar, målarar, bilethoggarar og journalistar, i tillegg til personar som ynskte å studere sosialismen. Forslag til utdeling skulle kome frå styra i Den norske Forfatterforening, Norsk skuespillerforbund, Bildende kunsteres styre, Norges presseforbund og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Seinare vart legatet slått saman med Anton Christian Houens legat og heiter i dag «Anton Christian Houens og Conrad Mohrs legat for kunstnere».

Prisar og utmerkingar I 1887 vart Conrad Mohr utnemnd til tysk konsul og hadde ofte kontakt med den tyske keisaren Vilhelm II under reisene hans i Noreg. I 1918 vart han tysk generalkonsul.

Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1895, vart kommandør av 1. klasse i 1907 og fekk storkrossen i 1917.

Eit portretthovud av han, utført av Sofus Madsen, står ved Lille Lungegårdsvann i Bergen. Conrad Mohrs vei i Fana og på Minde i Bergen er oppkalla etter han.

Kjelder

Illustreret norsk konversationsleksikon, bind V, sp. 820–21. Kristiania: Aschehoug, 1912. Salmonsens leksikon, Anden Udgave, bind XVII, s. 162. København: J. H. Schultz, 1924. A. M. Wiesener: Slegten Mohr fra Bevern. Bergen: John Griegs bogtr., 1909. Christian Mohr: Familien Mohr fra Bergen. Oslo, 1953.

Denne artikkelen bygger på «Conrad Mohr» frå , den 10. november 2011.

Litteratur A. M. Wiesener: Slegten Mohr fra Bevern. Bergen: John Griegs bogtr., 1909. Christian Mohr: Familien Mohr fra Bergen. Oslo, 1953. Wilhelm Mohr: Mine livserindringer. John Griegs Boktrykkeri, Bergen, 1969.

Bakgrunnsstoff Anton Christian Houens og Conrad Mohrs legat for kunstnere

Kategori:Forretningsfolk frå Bergen Kategori:Konsular