Holger Fersløv Sinding () var ein norsk prest og stortingsmann frå Fredrikstad.
Sinding var son til ein apotekar og postmeister. Han vart student i 1823 og cand. theol. i 1828. Deretter var han personalkapellan i Rakkestad til han i 1831 vart residerande kapellan på Voss. Han var 1836-43 sokneprest i Aremark, 1843-60 i Våler i Østfold og frå 1860 til han døydde, i Tune.
Sinding var 3. representant frå Smaalenenes amt på Stortinget i 1848. Medlem av gasjekomiteen og justiskomite nr 3.
Han døydde på prestegarden i Tune i 1870.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske prestar Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Folk frå Fredrikstad